Segner fraa Aasnes i Solør

Gjesaassjøen.

Daa Svartedauden hadde herja Norig, skulde det vore 5 menneske att i Aasnes. Dei het: Kalle Krav, Gro Grevset, Turud Trangsrud, Tong Austby og Kam Skybak.
Ho Gro Grevset var så stor at ho med eit einaste steg kunde naa fraa Gjesaasberge til Skjepaasen (minst 1/2 mil), og eingong ho sputta, vart det ein sjø. Den ligg der den dag i dag og kallast no Gjesaassjøen.

Men i langsameleg tid hadde han ikkje noko namn, og so lenge var det aldri trygt for nykk i sjøen.

Nykken var vond i seg og kunde reisa med folk, so dei aldri saag dagens ljos meir. Han narra dei til seg ved aa gjera seg um til hest, flaate elder
baat, men var aldri meir en halv baat naar dei komme ut i han.

Eingong synte han seg som hest for ein dreng, som tykte, det kunde vera moro aa ta seg ein ridetur. Daa han faafengt stræva med aa koma upp paa hesteryggen og endeleg skyna, kva faare han var i, segjer han:

«Eg nykker ittje upp!»

Men daa reiste nykken med eitt ut i sjøen, for han tolde ikkje aa høyra sitt elge namn.

Segni segjer, at Melsnes, som ligg ned ved sjøen, er upp-pløgd med ein nykk-hest. Daa dei hadde pløgt det, dei vilde, gav dei han ei halv tunne med salt, som han aat upp, men vart jo tyrst etterpaa, at han drakk seg ihel.
Etterpaa let presten sjøen døура og kalla han Gjesen, segjest det, og fraa den dag hev nykken aldri vore høyrd eller set der.
Men til slut vart sjøen heitande Gjesaassjøen.

Huldreætt

For mange aar sidan budde det ved Gjesaassjøen ein mann, som heitte Ola. Eingong reid han upp til sæteri si, vilde skjota hare. Daa han kom upp, saag han, at det brann paa peisen i eldhuset.

Han var den mest redd, men gjekk daa inn lel og fekk sjaa ei gamal stygg kjering staa og vaska ei ung, væn gjente. Han var daa ittje sein til aa ta livgjordi av seg og slengja den yver gjenta.

Men daa han fekk sjaa halen, ho gjekk og bar, trega han seg.

Daa ropte gamla:

„Nei, no er ho di! Du fær ta henne med deg ned aat bygdi og lata presten vigja dykk!»

Han sette daa gjenta paa sadelknappen og reiste heim

Brudlaupsdagen kom ein braate med hulder, skyldfolket aat brudi. Men dei laut faa ei stove for seg sjølv aa vera i, og der tura dei og dansa i mange dagar.

Han Ola var flink smed. Eingong han stod i smidja og smidde, ropte kjeringi han inn til dugurds. Men daa han ittje kom stras, kom ho setjande og tok den gloheite hestes skoen ut or avlen og sa:

Er han for stor, skal du gjera so og dermed bøygjer ho han i hop, og er han for trong, skal du gjera so!» og dermed rettar ho han med berre henderne.

Da ble mannen redd kjeringi si og tenkte, det var best aa lyda henne.

Dei fekk ein son, som vart kalla Truls. Det skulde vore ein stor og sterk kar, men leid til aa egla seg inn paa folk.

Eingong vart han uven med ein mann, som aatte Bjørneby-kverni nede ved Aasnes kyrkja.

Han Truls gjekk daa dit ned ei nott, tok kvernesteinarne og stappa dei ein diger sekk, som han slengde yver ryggen, og logga so heim.

Men eigaren vart snar vis med varpet og sette etter han med mange mann. Ostenbakken, tett ved Kjellmyra, raakte han Gamle Erik, som gav han gode raad. Men no hoyrde han mennerne koma etter seg og daa la han paa sprang. Og fyrr de kunde naa han att, var han longe komen til Gjesaassjøen og kasta steinarne i vatnet.

Den staden, der han slengde dei nedi, vert kalla Kvernhole den dag i dag.

(Ved Ola Ryfylking).

Originalen

Legg igjen en kommentar